Nytt utgitt av norsk språKRÅD 31. årgang 3–4 /2003



Yüklə 0,51 Mb.
Pdf görüntüsü
səhifə13/23
tarix06.05.2018
ölçüsü0,51 Mb.
#42931
1   ...   9   10   11   12   13   14   15   16   ...   23

viktigaste arabiske biografiske leksi-

kona i dag bruker berre farsnamna til

å sortere personane etter, sjølv om

andre namn er meir kjente. Det eine

leksikonet tar inn så mange ledd som

trengs for å skilje to personar, vanlig-

vis opp til fire ledd. Det andre bruker

berre to, eigennamn og farsnamn, og

sorterer vidare etter dødsår. 

Sonenamn: kunya

I tillegg til dette eigennamnet kan ein

person ha eitt eller fleire deskriptive

namn. Vi møtte to hos vår mann Abu



al-Abbas al-Ara’ishi

Det første av dei er teknisk sett det

motsette av ’son av’, nemlig Abu ’far

til’ eller Umm ’mor til’ med eigennamn

til son eller dotter etter: Abu Mu-

hammadUmm Salim. Dette sonenamn-

et,  kunya, kan vere heilt konkret: Når

ein mann får ein son og kallar han

Umar, kan han sjølv bli heitande Abu

Umar. Det blir altså ein slags indikator

på at ein har nådd eit nytt stadium i

livssyklusen. 

Men slike abu-namn kan også få

vidare bruk. Vi nemnte at ein som hei-

ter Ahmad, ofte blir tillagt kunya-nam-

net Abu al-Abbas, far til al-Abbas, uan-

sett om han har ein son med det nam-

net eller noen son i det heile. Det er eit

av fleire stereotype kunya-namn der eit

eigennamn blir knytt til eit bestemt

sonenamn. Dei som heiter Muhammad,

får ofte tilnamnet Abu Allah, Abd Allah

osv. 


Namnet kan også brukas figurativt

og bli knytt til eit omgrep i staden for

eit sonenamn. Det møter vi alt i nam-

net til den første kalifen, Abu Bakr,

som trulig betyr ’far til ein ungdom’.

Han hadde trulig eit anna ism (Abd



Allah og Atiq er nemnt i noen kjelder),

men det er gløymt, og Abu Bakr er

gjennom han nå blitt eit eigennamn,

eit ism i seg sjølv. I moderne tid har slike

abu-namn også blitt brukt som dekk-

namn, spesielt i den palestinske geril-

jaen. Der har alle PLO-leiarane eit dek-

knamn som består av Abu med eit kri-

gersk eller mobiliserande tillegg: Abu

Jihad,  Abu Iyad (far til styrken), Abu

Nidal (far til kampen) osv. Yasir Arafat

går framleis ofte under namnet Abu al-



Ammar, som viser til «den byggande

og sterke i trua», mens den nye stats-

ministeren Mahmoud Abbas også heiter

Abu Mazin ’han som går den strake

vegen’. 


Beskrivande namn: nisba

Abu-namnet kan altså variere og

beskrive ein tilstand i tillegg til det

konkrete. Enda meir beskrivande er

den kanskje mest produktive delen av

namnet, som blir kalla nisba. Det kan

vi omsette med ’forholdsnamn’, det

som viser kvar personen kjem frå eller

hører heime, kva han står i forhold til.

Grammatisk er desse namna adjektiv,

dei står alltid i bestemt form (med al-)

og har suffikset lang -i

Det kan t.d. vise til kva by eller land

personen kjem frå: al-Baghdadi kjem

frå Bagdad, al-Dimashqi frå Damaskus.

Vi kunne seie ’bagdadaren’ og ’da-

maskusaren’ på  norsk. Vi bruker hos

oss det same i ’nasarearen’, og dette,



al-Nasrani, er også eit arabisk namn på

Jesus. Men det kan i tillegg vere namn

på ein som følgjer Jesus, og er eit van-

lig ord for ’kristne’.

Slike forholdsnamn kan også vise

til kva stamme ein kjem frå: al-Kindi

har opphav i kindastammen, eller dei

24

S P R Å K N Y T T     3 – 4 / 2 0 0 3




kan vise til religiøs tilknyting: al-Qadiri

høyrer til det islamske qadiriya-bror-

skapet,  al-Nusayri til denne greina av

shi’a-islam. Ein person kan ha ingen,

ein eller mange nisbaer, og det er ikkje

alltid dei same som blir brukt om

same personen. I biografiske leksika

kan vi sjå at ein person står som



Ahmad ibn Umar al-Kindi al-Baghdadi

aslan al-Dimashqi maqaman al-Istanbuli

wafa’an’. Orda mellom namna betyr

’av fødsel’, ’i bustad’, ’ved død’. Han

var fødd i Bagdad, budde i Damaskus

og dødde i Istanbul. Beskrivinga av

livsløpet sklir inn i namnet utan tyde-

lig overgang. For så vidt kunne kva

som helst av desse forholdsnamna bli

brukt som namn på personen, og han

kan ha blitt omtalt som Ibn Umar al-

Dimashqi da han budde der, eller kan-

skje helst etter at han hadde flytta til

neste plass: han som ’kom hit frå

Damaskus’. Men i ei bok om islamsk

teologi kan han godt bli omtalt som

Ahmad ibn Umar al-Qadiri

Nisbaer er den langt vanligaste

måten å lage ’beskrivingar’ av ein per-

son til eit namn på, men det fins også

andre, som f.eks. profesjonsnamn, av

typen  al-Attar (parfymeseljar) og al-



Zajjaj (glasmeister), eller honnørord,

eit slikt som presidenten i Syria har

fått: al-Assad (løva). Eller personar kan

få namn som kanskje ikkje er så ære-

fulle:  al-Majdhub  (den åndebesette el-

ler sinnssjuke). Ein vel ikkje sjølv det

namnet ein – og kanskje etterkommar-

ane (Ibn al-Majdhub) – blir kjent under.

I mellomalderen hadde ein del sul-

tanar ein tendens til å ta tronenamn

som inneheldt eit program: Izz al-Din

’religionsbeskyttar’, Nur al-Din ’lys for

religionen’, Sayf al-Dawla ’statens sverd’,

Mujib al-Rahman ’han som svarar på

Guds kall’.  Mange av desse har sein-

are glidd inn i språket som ism, eigen-

namn, på line med Abd al-Rahman og

andre som dei liknar på grammatisk.

Men teknisk er dei forskjellige, dei

kom i tillegg til personens ism.

Det er heller ikkje alltid lett å vite

når eit namn er fysisk beskrivande, og

når det er brukt i overført betydning.

Den kjende historikaren Ibn Khaldun

skulle etter namnet vere son av ein

mann Khaldun. Men Khaldun er eit fleir-

talsord, ikkje eit eigennamn. Det er i

realiteten ein stamme, og han kunne

like godt vore kalle al-Khalduni, ’khal-

dunaren’ med adjektivforma. Også dette

finn vi i tidlige kjelder; same personen

kan av og til bli kalla Ibn Fulan, av og

til al-Fulani.  



Namn og kjelder

Dette gir inntrykk av kaotiske forhold.

Realiteten er ikkje fullt så ille. Alle

desse ulike namneformene er som

nemnt kjelder som eit namn kan kom-

poneras ut frå. Berre noen få av dei vil

i realiteten bli brukt om kvar enkelt

person, og mange menneske vil trulig

berre gå under eigennamn og fars-

namn eller ein annan fast kombinasjon

heile livet. Men det mest vanlige vil

nok likevel vere at personar skifter ut

noen delar av namnet eller er kjent

under ulike nemningar opp gjennom

livet, og dess meir han flytter på seg

eller opptrer i ulike samanhengar, dess

større variasjon vil det vere.

I moderne tid har dette klassiske

systemet gått gjennom ulike endring-

ar, på same måte som gardsnamn og

farsnamn er blitt til «familienamn» i

vårt samfunn. Noen prominente fami-

25

S P R Å K N Y T T     3 – 4 / 2 0 0 3




Yüklə 0,51 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   9   10   11   12   13   14   15   16   ...   23




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©www.genderi.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

    Ana səhifə