Nytt utgitt av norsk språKRÅD 31. årgang 3–4 /2003



Yüklə 0,51 Mb.
Pdf görüntüsü
səhifə11/23
tarix06.05.2018
ölçüsü0,51 Mb.
#42931
1   ...   7   8   9   10   11   12   13   14   ...   23

«perfekte teksta» og kan ikkje imite-

ras. Det mirakelet som beviser at

Muhammad er ein profet, er at han

fekk den «imitasjonslause» Koranen

openbara. Det låg naturligvis også i

dette ein kritikk av dei som før hadde

fått openbaringar av Gud, jødane og

dei kristne. Gud hadde også gitt sin

sanne bodskap til deira sendebod,

Abraham, Moses og Jesus. Men deira

openbaringar hadde ikkje blitt skrift-

fest i nær samtid, derfor hadde men-

neska gløymt eller ubevisst forvridd

bodskapen. Derfor er Muhammads

bodskap den som må vere den rette,

fordi han har ei fast og nedskriven

form slik orda vart overlevert frå Gud,

og derfor kan desse ikkje endras. 

Den religiøse autoriteten er altså

festa i Koranen og statusen han har

som Guds direkte tale. Det at han er

gitt på arabisk, gir arabisk ein eigen

status som språk i islam. Gud seier

sjølv i Koranen: «Eg har gjort han til

ein arabisk Koranen slik at de kan ta

visdom» (K. 43:2). Om denne særlige

statusen kunne overføras på arabar-

ane som folk, var eit anna spørsmål.

Folkenamnet ’arabar’ er ikkje nemnt i

Koranen i det heile, berre ’dei truan-

de’. Arabaranes rolle i islam er derfor

meir eit historisk enn eit teologisk

spørsmål. 

Islam er en religion for alle folkeslag

Mot fokuseringa på det arabiske låg

det i innhaldet til islam at det var ein

universalistisk religion, ein religion

for alle folkeslag. Som vi veit, spreidde

islam seg raskt med den arabiske eks-

pansjonen, det tok vel eit hundreår frå

Muhammads død da knapt den ara-

biske halvøya var muslimsk, til arabar-

ane styrte eit verdsrike frå Gibraltar til

India. I grove trekk kan ein vel seie at

dette riket det første hundreåret var

først og fremst eit arabisk rike. Arabar-

ane tok med seg islam, men hadde

ikkje hastverk i å spreie religionen til

dei erobra folka; i staden skaffa dei seg

privilegium i riket som arabarar og

erobrarar. Andre folk som omvendte

seg til islam, vart ikkje likestilte borga-

rar av den grunn. 



Arabisering og islamisering

Men denne haldninga kunne ikkje

vare ved, ettersom sjølve erobringa

vart til fortid og fleire og fleire av inn-

byggarane slutta seg til religionen. På

900-talet hadde folkefleirtalet i alle

provinsar  av riket, frå Spania til Sent-

ral-Asia, trulig blitt muslimar, sjølv om

det fortsett var kristne og jødiske

minoritetar. Etter eit regimeskifte i 750

vart arabaranes særrettar fjerna, og

riket vart meir og meir til eit muslimsk

rike heller enn berre arabisk. Dei som

snakka andre språk, tyrkarar, persarar,

kurdarar og andre, fekk stadig meir

viktige stillingar (sjølv om kalifen sjølv

måtte vere arabar), og etter kvart vart

den etniske bakgrunnen av lita betyd-

ning; vi kan som oftast berre gjette oss

til den ved å sjå på fødestad eller

namn til dei leiande i samfunnet. I ein

viss grad gjekk islamiseringa saman

med ei arabisering; folk skifta språk

og tok arabisk som morsmål. Viktige

språk som arameisk i Syria og koptisk

og demotisk i Egypt forsvann heilt

eller på nær og vart erstatta med ara-

bisk. I noen grad kom dette også av

nye og breiare folkeflyttingar, som då

Banu Hilal-stammene spreidde seg

utover Nord-Afrika frå 1000-talet. Dei

20

S P R Å K N Y T T     3 – 4 / 2 0 0 3




to tinga gjekk sikkert også hand i

hand, innflyttarane blanda seg med

dei fastbuande, og etterkommarane

tok arabisk språk og identitet. 



Tunge innslag av arabiske lånord 

Men mange språk overlevde også,

slik som berberspråka i Nord-Afrika og

Spania (i Andalus, det muslimske

Spania, var folkespråka dels arabisk og

dels berbisk) og persisk og kurdisk i

aust. Av desse var det persisk som rask-

ast utvikla seg til eit nytt skriftspråk, nå

i tilpassa arabisk skrift og med tungt

innslag av arabiske lånord (opptil halv-

delen av vokabularet i moderne per-

sisk), men med eigen grammatikk og

språkstruktur. Tyrkarane som kom frå

Sentral-Asia frå 900-talet og utover og

slo seg ned i Anatolia, tok vare på og

utvikla sitt eige tyrkiske språk, også det

med sterke innslag av arabiske (og per-

siske) lånord. 



Kunnskapsspråka arabisk, persisk

og tyrkisk

Men språkgrenser og etniske grenser

var ikkje så opplagte som i dag. Dei

fleste med noen lærdom kunne alle

dei tre kunnskapsspråka, arabisk, per-

sisk og tyrkisk, og brukte dei i ulike

kontekstar, arabisk i religion, persisk

litterært og tyrkisk administrativt. Kva

som var ‘identiteten’ til ein lærd per-

son, kan ha vore tilfeldig; alt frå tidlig

tid ser vi at dei fremste vitskapsfolka i

arabisk språkvitskap har persiske

namn, så som Sibawayhi, Fayruzabadi

mfl. Under osmanane var ein person

med noen status osmanar, korkje ara-

bar eller tyrkar, uansett kor han kom

frå. Først på 1800- og 1900-talet vart

ein arabisk nasjonal identitet utvikla,

og med det ein renessanse for arabisk

som bruksspråk i alle former for prosa.



Ikkje berre sakralt språk

På denne måten har arabisk fått eit

tosidig forhold til religionen islam.

Det er Koranens språk, og dermed

islams språk, med ei historie knytt til

religionens historie. Men det er ikkje

eit sakralt språk i den forstand at det

er faststivna eller reservert for bestem-

te typar bruk. Den arabisk som er

brukt i Koranen, er i prinsippet same

språket som blir brukt i moderne

medium om dagligdagse ting, og som

har tatt opp i seg endringar både i syn-

taks og vokabular ut frå dei språkend-

ringane som særlig den moderne tida

har ført med seg. Noen ting ligg nok

meir fast enn i andre språk, slik som at

språkvariasjonane mellom ulike ara-

biske land blir oppfatta som «dialek-

tar» heller enn nasjonalspråk, og at

desse dialektane i liten grad blir skrift-

fest (dette er omtalt i ein eigen artikkel

i dette nummeret). Men denne ideolo-

giske bindinga til at alt arabisk er eitt

språk og knytt til det klassiske skrift-

språket, kjem vel så mye frå ei nasjo-

nalistisk oppfatning av arabisk ein-

skap, at arabarane er eitt folk, som av

religionen. I den arabiske nasjonalism-

en har språket vore kanskje den mest

sentrale kjernen i omgrepet «den ara-

biske nasjonen», mens religionen is-

lam spelte ei mindre rolle som ein del

av den fellesarabiske kulturarven, men

som mange andre folkeslag også har

tatt del i.

Muslimar av andre nasjonalitetar

har også frigjort seg meir frå det ara-

21

S P R Å K N Y T T     3 – 4 / 2 0 0 3



Framhald side 48


Yüklə 0,51 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   7   8   9   10   11   12   13   14   ...   23




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©www.genderi.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

    Ana səhifə