Nytt utgitt av norsk språKRÅD 31. årgang 3–4 /2003



Yüklə 0,51 Mb.
Pdf görüntüsü
səhifə10/23
tarix06.05.2018
ölçüsü0,51 Mb.
#42931
1   ...   6   7   8   9   10   11   12   13   ...   23

18

S P R Å K N Y T T     3 – 4 / 2 0 0 3

Språket og det heilage:

arabisk og islam

KNUT S. VIKØR

A

T SPRÅK OG RELIGION

kan henge sa-

man, kan ein lett sjå ved tilfellet

arabisk og dei banda språket har til

islam. Arabisk er eit moderne bruks-

språk og ikkje noe avgrensa sakralt

språk. Likevel er historia til arabisk –

og til arabarane – knytt til islams his-

torie, og ein kan ikkje forstå det eine

utan det andre. 

Vi kjenner lite til språket arabisk

før profeten Muhammads tid. Noma-

dane på den arabiske halvøya snakka

dialektar som må ha vore ganske like

det seinare skriftspråket. Lenger nord,

i kulturbyar som Palmyra i Syria og

nabatearanes hovudstad Petra, var

arabisk talespråket iallfall rundt 100-

talet av vår tidsrekning, medan ara-

meisk, eit anna semittisk språk, var

statusspråk og skriftspråk. 



Det starta med Koranen

Startpunktet for det arabiske skrift-

språket vi kjenner, er den openbaringa

profeten Muhammad fekk frå Gud,

Koranen (al-Qur’ân). Muslimane insis-

terer på at Muhammad sjølv var anal-

fabet, noe som er uttrykt i den klassis-

ke historia om korleis han fekk si før-

ste openbaring: Han satt ute i øyde-

marka for å meditere, da ein overmek-

tig skapning viste seg for han berande

på ei bok i grøn fløyel, og befalte:

«Les!». Profeten protesterte: «Eg kan

ikkje lese,» men skapningen tok han,

sa Muhammad seinare, og pressa an-

siktet hans mot boka «så eg knapt

kunne puste». Til sist sa Muhammad,

«Kva skal eg da lese?» og skapningen

resiterte for han det første verset som

vart openbara: «I namnet til din Gud

som skapte deg …»

Denne anekdoten, som stammar

frå ein profetbiografi vel eit hundreår

seinare, viser kor viktig boka, skrifta,

var for dei tidlige muslimane, men

også at tekst og resitasjon var nær

samanknytt.  Qur’ân kjem av verbet

qara’a, «å resitere» eller å lese, så Ko-

ranen betyr «det som skal resiteras».

Muhammad resiterte også openbar-

ingane etter som dei kom fram til han,

og tilhengarane la ordlyden på min-

net, men dei vart trulig også skrive

ned som enkeltvers eller småbitar i

hans eiga tid. Prosessen med å samle

desse spreidde notata skal etter tradi-

sjonen ha starta mellom ti og tjue år

etter Profetens død, og det er trulig

historisk. 



Dei første systematiske forsøka på å

konstruere arabisk skrift

Det er i denne prosessen med å skrive

ned den heilage teksta at vi finn dei

første systematiske forsøka på å kon-

struere ei skrift for arabisk. Det har

nok alt før eksistert noteringssystem

for økonomiske formål i byar som

Mekka, i ei skrift henta frå nabateara-




ne i nord. Ho var likevel berre brukt

som ei støtte for minnet, og var ganske

enkel. Same teikn kunne bli brukt for

ulike konsonantlydar (fordi nabateisk

hadde færre konsonantar), det var t.d.

same teikn for b, t, th, n og  y. Korte

vokalar har ofte underordna betydning

i semittiske språk, og vart ikkje notert

i det heile, for lange vokalar brukte ein

konsonantteikn. Så lenge skrifta berre

skulle hjelpe til å minne om ei tekst

som var innlært frå før, var det heller

ikkje naudsynt med meir detaljar. 

Men ettersom denne spesielle teks-

ta Koranen var så viktig, vart det etter-

kvart klart at ein måtte ha meir utvityd-

ige noteringsformer, og enda meir da

ein begynte å ta skrifta i bruk også til

andre former for prosa utover 700-talet.

Ein skilte derfor mellom dei ulike

betydningane av kvar bokstavform ved

å sette ein til tre prikkar anten over

eller under teiknet («diakritiske teikn»),

mens ein markerte korte vokalar ved å

skrive ein kort strek over eller under

konsonanten.

Dette var ikkje eit nytt påfunn,

modellen kom trulig frå syriakisk

skrift. Ein viktig grunn til å gjere det

slik og ikkje t.d. lage seg heilt nye bok-

stavar, var også det religiøse opphavet

til teksta. Når ein skilte mellom bok-

stavane ved å skrive prikkar ved det

eksisterande teiknet, slapp ein å endre

den teksta som Gud hadde openbara. I

staden gav ein berre eit tillegg for å

klargjere lesemåten, det opprinnelige

skriftbildet stod der uforandra i sen-

trum. Dette var i seg sjølv omstridt,

mange lærde sette seg mot at ein skul-

le legge til noe i det heile, og i over

hundre år finn vi Koran- og andre tekst-

er med og utan diakritiske teikn ved

sida av kvarandre, før desse fekk over-

hand i skrifta. (I dag er det omvendt,

Koranen er nå den einaste teksta på

arabisk som heilt konsekvent blir trykt

med alle vokalteikn på plass, fordi det

ikkje skal vere noen uklarheit om utta-

le og betydning. I andre tekster er dei

korte vokalane som oftast utelatt,

sidan dei er av mindre betydning for

forståinga.)

Hovudbry for grammatikarane

Dette har hatt spesiell  betydning for

ein enkelt bokstav, som gav stort ho-

vudbry for grammatikarane. Det gjaldt

hokjønnsendinga for substantiv. Den

vart uttalt «-at»; utan vokalar skrive 



-t (ei «standardform» med to prikkar

over, t¨). Men i Koranen var den skrive



-h i slutten av ordet, men ganske riktig

-t- dersom det kom eit suffiks etter-

stilt. Dette meinte ein var ein dialekt-

uttale i Mekka på Muhammads tid

som ikkje var i tråd med standard ara-

bisk. Men ein kunne ikkje endre den 

-h-forma som var skriftfest. I staden

sette ein dei to prikkane frå t-en over

dette h-teiknet i hokjønnsendinga. Der-

med fekk vi ein eigen bokstav, kalla

«ta marbuta» [bunden -t], ein med to

prikkar over, h

¨ , som berre brukas i den-

ne eine posisjonen: i hokjønnsending

av substantiv utan suffiks. (I dag er -t-

en uttalt berre i sammentrekningar,

elles er uttalen berre -a.) Dette viser

altså kor sentral den religiøse bak-

grunnen og Koranens status var for

utviklinga av det arabiske skriftsprå-

ket i tidlig tid.

Dette kom ikkje berre av at

Koranen var Guds ord i og for seg,

men at Koranen var sjølve Guds-

beviset. Koranen er ifølgje islam den

19

S P R Å K N Y T T     3 – 4 / 2 0 0 3




Yüklə 0,51 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   6   7   8   9   10   11   12   13   ...   23




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©www.genderi.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

    Ana səhifə